Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. I Ordriket 1 møter vi Sam og Ina, som bur i nabolaget Snippen. Dei er på jakt etter ein tjuv som stel bokstavar. Under jakta dreg vi innom alle husa i nabolaget, frå A til Å. Det spennande mysteriet engasjerer heile klassen og gir grunnlag for gode felles leseopplevingar. Bøkene sikrar ei rask, systematisk og oversiktleg innlæring av bokstavane. Elevane møter spennande tekstar og varierte oppgåver innanfor ulike sjangrar og med varierande vanskegrad.