Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Arbeidsbok 4A Arbeidsbøkene på 4. trinn legg opp til eit systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld oppgåver til tekstane i Lesebok 4A. Oppgåvene øver leseforståing og er delt inn i kategoriane ord i teksten, hugse og tenke. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene. Her er det lagt opp til at elevane skal skrive etter mønstertekstar og i ulike sjangrar. Arbeidsboka finst også i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no