VOLUM – eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020. Velkomen til Volum Leksebok 1B – og ei reise med mange nye oppdagingar for dykk som foreldre og ikkje minst ungane. Lekseboka er laga for at barnet dykkar skal få repetere og øve. I matematikk er målet at leksene ikkje inneheld nytt stoff, men er repetisjon og vedlikehald av det ungane har arbeidd med på skulen den siste veka. Eitt oppslag i boka svarar til ei veke med lekser. Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no