VOLUM 1B – eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020. Verket har ein tydeleg og føreseieleg struktur, og eit stort og variert oppgåvemangfald. Ved å undre seg, diskutere og utforske saman over tid trur vi på at alle elevar kan oppleve matematikk som engasjerande og meiningsfylt. VOLUM legg til rette for at elevane får god tid til å øve på å forstå, bruke og utfordre ferdigheitene sine i ulike matematiske samanhengar. I eit trygt og raust læringsfellesskap kan elevane argumentere og dele idear – og på den måten bidra til å utvikle eit felles, presist og tenleg matematisk språk. Saman med elevbøkene følgjer det leksebok og konkret. Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no