Vesaas' beste (Innbundet)

Serie: Forfatternes beste 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 617
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Serie: Forfatternes beste
ISBN/EAN: 9788205348943
Omtale Vesaas' beste
Tarjei Vesaas skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt, men det er nok romanane hans som er mest kjende. Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan løysast ut hos mennesket, men òg av anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida.Fuglane (1957) er Vesaas. mest lesne roman. Boka er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert i Polen. Det er ei underleg rik og levande bok, som gir eit fint psykologisk portrett av Mattis . .Tusten. . som er annleis enn andre. Mattis er ikkje flink i fysisk arbeid, men på mange måtar er han ein kunstnar med sitt poetiske sinn og treffsikre replikkar. Med Is-slottet (1963) vann Vesaas Nordisk Råds litteraturpris. Boka skildrar først eit lagnadsfylt møte mellom elleveåringane Unn og Siss, og fortel vidare om truskap, isolasjon, forløysing og fellesskap. Til Vesaas. beste har Olav Vesaas laga eit utval av farens beste noveller og dikt, samt overraskande ekstratekster: artiklar, skisser, notat, talar.Tarjei Vesaas (1897.1970) blir ofte rekna som ein av dei største norske 1900-tallsdiktarane. Han debuterte i 1923 med romanen Menneskebonn, men fekk først eit gjennombrot i 1934 med Det store spelet. Fram til Båten om kvelden (1968) ga han i alt ut eit trettitals titlar. Vesaas var den første norske forfattaren som vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris, i 1964, og for novellesamlinga Vindane fekk han Veneziaprisen (1953) og med den òg eit internasjonalt gjennombrot.

Til toppen

Bøker i serien