Ei bok om fotball på godt og vondt, men framfor alt om fotballen sin posisjon og rolle i den moderne, globaliserte verda. Forfattaren ser nærmare på dei ulike tilnærmingane til fotballspelet og kastar nytt lys over dei store prestasjonane, dei minneverdige kampane og dei lysande stjernene. I tillegg skriv han om alt det som følgjer i kjølvatnet av fotballen; frå maktpolitikk og mediekonsentrasjon til korrupsjon, doping og barnearbeid. Med bibliografi.