Overkonstabel Telma B.S. Hansen frå Trondheim Politikammer blir overfalt av to menn. I sjølforsvar tek ho livet av den eine og kastrere den andre. Telma oppsøker psykologvennen Stefan for å få hjelp og trøst, men han ser ikkje ut til å vere heime. Telma får mistanke om at noko er galt. Og då den alkoholiserte politimannen Axel Breheim (kjent frå tre bøker av Idar Lind) frå Kripos dukkar opp, blir mistanken forsterka.