Tett på praksis (Heftet)

innføring i pedagogisk feltforskning

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 171
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245004465
Omtale Tett på praksis
Tett på praksis er ei spennande innføring i pedagogisk feltforsking. Forfattaren presenterer studiar av tre ulike skular - ein norsk barneskule, ein norsk ungdomsskule og ein sørafrikansk vidaregåande skule. Eit felles trekk ved desse skuleportretta er ei empirinær og praksisorientert fremstilling. Med utgangspunkt i desse konkrete studiane drøfter Fuglestad sentrale tema i pedagogisk feltforsking: tilgang til feltet, utvikling av forskarrolla og metodar for innsamling av materiale. Tett på praksis prøver å fanga den komplekse skulerøyndomen på måtar som lærarar og elevar kjenner seg igjen i. Slike empirisk baserte studiar kan danna eit betre grunnlag for konkret utviklingsarbeid enn generelle utdanningspolitiske målformuleringar og intensjonar. Otto Laurits Fuglestad er professor i pedagogikk. Han har publisert fleire artiklar og bøker, og har allsidig erfaring frå undervisning og leiing.

Til toppen