«Glimrende satire om nordmenns forhold til landet Syden.»
Tom Hovinbøle, Dagbladet
«Min første Syden-tur gjekk til ei spansk ferieøy med foreldra mine. Dette var ikkje ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle sexgalne skandinaviske tenåringar. Dette var ein av dei Syden-plassane der du berre finn fulle middelaldrande tyskarar. Kvar kveld underheldt gjestane kvarandre på hotellet. Under ei gigantisk discokule spratt litt for tjukke og absurd brune tyske menn med skjørt og parykk omkring og framførte sketsjar med overdriven bruk av bananar som rekvisittar.»Dette første møtet med verda utanfor Norden kunne lett gitt den unge Are Kalvø eit dårleg forhold til Syden. Likevel har Kalvø fleire gongar reist tilbake til Syden, denne merkelege, solrike plassen som finst uavhengig av alt anna. No har han reist til Syden for å skrive bok. Med kofferten full av reisekatalogar frå charterturismens barndom, fast bestemt på å finne restane av den store Syden-draumen.«Boken er gjenkjennelig for hver eneste nordkvinne og -mann, fra 0 år opp til oldemor; vi har vært i Syden hele gjengen?»Klaus Joachim Sonstad, Adresseavisen« ? utsøkt underhaldning?»Turid Kjetland, Bergens Tidende«Are Kalvø avleverer våken, vilter og adspredt Syden-satire, men ikke mer mobbete enn det vi tåler og fortjener.»Per Haddal, Aftenposten