Kvifor er vi så stressa, og kva kan vi gjere med det?
Forfattaren av den kritikarroste boka «Livet og korleis leve det» har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?
Halvorsen dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor ho kjem frå. «Stress og korleis leve med det» er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i.