Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no
Dette nummeret av Skriftkultur viser korleis det tverrfaglege skriftkulturelle feltet kan opne nye perspektiv på grunnleggande spørsmål. Eit avgjerande grunnlag for all forsking og vitskap er at han er skriftbasert. Det gjeld ikkje berre i humaniora, men i alle vitskaplege disiplinar.
Vitskaplege teoriar og tenkjemåtar er språklege konstruksjonar i kulturelle fellesskap, og det er i skriftleg form vitskapleggjeringa skjer. Grunnlagsproblem i utforsking av språket og skrifta er dermed samstundes grunnlagsproblem for andre skriftspråklege praksisar, anten dei er vitskaplege eller meir generelle. Tilhøva mellom språket, tekstane det gjev grunnlag for og medvitet til språkbrukarane handlar nettopp om slike grunnproblem. Kva er grunnlaget vårt for å forstå, beskrive og forklare desse tilhøva, og på kva måtar gjev ulike fag og disiplinar ulike inngangar til og svar på° slike spørsmål?
I dette nummeret undersøkjer sju forskarar tilhøvet mellom språk, tekstar og medvit med utgangspunkt i ulike fag innan human- og samfunnsvitskapane: språkvitskap, fagdidaktikk, psykolingvistikk, språkfilosofi, estetisk teori, tekst- og litteraturvitskap og religion. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige feltet.