Speculum legale - rettsspegelen (Heftet)

ein introduksjon til den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 409
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245000900
Omtale Speculum legale - rettsspegelen
Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Slik sett er rettshistoria det stødige fundamentet til ein rett som stadig endrar seg på alle nivå. Retten kan samanliknast med eit hav: På overflata finn ein lov- og rettsreglar, på eit mellomnivå finn ein rettslege prinsipp som at avtalar skal haldast, medan ein på havbotnen finn rettslege grunnførestillingar som det autonome individet. Samla sett utgjer desse tre nivåa rettskulturen. Gjennom å gjera rettskultur til objektet for rettshistoria kan ein setja retten inn i ein heilskapleg struktur slik at samanhengen mellom retten som intellektuell aktivitet og handverk, mellom dei store filosofiske ideane og dei konkrete rettsavgjerdene trer klart fram. Intellektuelt gods, som idear og førestillingar, reiser like lett over geografiske avstandar som materielt gods, og nye metodiske grep spreier seg like raskt som tekniske nyvinningar. Det er innanfor rammene av nasjonen at retten får si form gjennom at rettssubjekta skapar sedvane, gjennom at rettspraksis skapar presedens og prejudikat, og gjennom lovgjeving. Dette gjer at retten må forståast innanfor både ein nasjonal og ein internasjonal kontekst. Samla sett siktar Speculum legale - Rettsspegelen mot å vera ei lærebok om den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv ved å presentera rettshistoria som ein spegel som gjer det mogleg å reflektera over retten slik den er i dag, og retten sitt framtidige endringspotensial. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved Museet Baroniet Rosendal.

Til toppen

Flere bøker av Jørn Øyrehagen Sunde: