22 år gammal reiste Marianne Ihlen til den greske øya Hydra saman med forfattaren Axel Jensen. Axel skreiv, og Marianne var husmor, heilt til Axel ein dag forlet henne og den nyfødde sonen deira for ei anna kvinne. Ein av desse grå dagane er Marianne i den vesle kolonialen på øya og handlar. Då kjem ein mann bort til henne og spør om ho kan tenkja seg å sitja saman med han og nokre venner på terrassen utanfor. Han presenterer seg som Leonard Cohen. ??Dette blir starten på ei kjærleikshistorie som varer det meste av 1960-talet, og som tek dei til Oslo, Montreal, New York og attende til Hydra.
Kari Hesthamar arbeider med radiodokumentar i NRK P2 og er prisbelønna ei rekkje gonger for sine produksjoner.