Sjønna på Elbursfjell.
Alexander Seippel - livet og livsverket.
Alexander Seippel ( 1851 - 1838 ) høyrde til den tyske Reinhardt - familien i Kristiansand, men han vaks opp på Frøysnes i Setesdal. Dit hadde faren kome på grunn av kopparverket i Åraksbø.
I 2001 er det 150 år sidan Seippels fødsel, og denne boka kjem fordi han fortener ein synleg plass i norsk kultursoge . særleg på grunn av innsatsen som språkskapar og stevsamlar. Den første nynorskbibelen kom ikkje før 1938, og han var svært mykje Seippels omsetjingsverk. Og ingen har samla så mange norske stev som Seippel.
Seippel var professor i orientalske språk ved Universitetet i Olso, men gløymde aldri kulturen og oppveksten i Setesdal. Og historia om den unge Seippels løyndomsfulle trulovning med ei bondejente frå Åraksbø lever på folkemunne i dalen den dag i dag.