Vinner av Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforenings ordbokpris 2010! Sidemålsordlista - nynorsk er fagleg og pedagogisk lagd til rette for undervisninga i nynorsk som sidemål. Det nye med denne ordlista er at bokmålsord er sette inn i sjølve lista, men tydeleg markerte med ein skarp farge: vann pil til det tilsvarande nynorskordet: vann ? vatn I tillegg har Sidemålsordlista - nynorsk fulle bøyingsformer synonym, ordforklaringar og bruksdøme oppdatert ordutval historiske og geografiske namn forkortingar i sjølve ordlista nettstad I eigne rutetekstar vil elevane finne stoff som kan hjelpe dei til å skrive betre nynorsk. Lars Anders Kulbrandstad, Olav Veka og Bjarne Øygarden har lang røynsle frå skole og lærarutdanning og har gitt ut ordlister og lærebøker for fleire skoleslag. Dei har bakgrunn frå normeringsarbeid i Språkrådet.