Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong! I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljefløyta er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge.
Utvalet er redigert av Bodil Cappelen.