Scenisk dans 1 grunnbok i danseteknikkar er ei lærebok for fordjuping i dans på Vg1. Boka er utvikla i samsvar med Reform 2006, Kunnskapsløftet og dekkjer kompetansemåla i læreplanen for programfaget danseteknikkar. I Scenisk dans ser vi nærmare på dei tre dansesjangrane jazzdans, klassisk ballett og moderne dans / samtidsdans ut frå eit utøvande, skapande og reflekterande perspektiv. Sentralt i boka står refleksjonar om dans, kropp, dansekunst, dansetrening og danseteknikkar. Her finn du òg ei innføring i improvisasjon, som er ein viktig innfallsvinkel til opplæring i dans.