I årets bok frå Tor Erik Jenstad følgjer vi trønderen i tjukt og tynt gjennom stadig nye livsområde. Oppfølgaren av fjorårets suksess «Rappkjefta trønder» auser vidare av den utømmelege kjelda som heiter trøndersk språk og humor. Vi byr på latter kombinert med lærdom om språk - og kanskje også ein dose livsvisdom. Tor Erik Jenstad, f. 1956, er språkforskar og medredaktør på Norsk Ordbok 2014 og Det Norske Akademis Store Ordbok. Frå 1992 til 2015 var han «ekspertkommentator» på radioprogrammet «Dialektmagasinet» («Sei det») på NRK Trøndelag, og han svarar jamt på dialektspørsmål i Språkteigen. Han har tidlegare gitt ut bøkene «Ka sa du?», «Vaddesålekt, din jehuk», «Snedig å koinn trøndersk», «Din hånstaur!» og «Rappkjefta trønder» på Embla Forlag. Kurt Hanssens unike strek krydrar også denne boka.