Lærarens bok inneheld konkrete tips til korleis læraren kan drive variert og god undervisning i lesing, skriving og munnlege ferdigheiter, med systematisk progresjon og djupnelæring. Salto sikrar god samanheng mellom den overordna delen av læreplanen, kjerneelementa i norskfaget og kompetansemåla. Sidetala i Lærarens bok svarer til sidetala i elevboka, slik at det blir enkelt å orientere seg i dei ulike komponentane. Salto 4B Lærarens bok inneheld leikar, spel, songar og aktivitetar som passar i klasserommet, i skulegarden eller ute i naturen oppgåver og aktivitetar til kvart av oppslaga i elevboka samtalespørsmål som opnar for undring, refleksjon og utforsking aktivitetar som legg til rette for systematisk arbeid med ord og omgrep forslag til høgtlesingslitteratur Salto 4 består av Elevbok A og B Arbeidsbok A og B Lærarens bok A og B Bokstøtte i Skolestudio Saltos bokhylle