Omtale
Profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar
Radiografar og bioingeniørar møter mange utfordringar i arbeidet sitt. I korte møte skal sårbare pasientar behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk for bioingeniørar og radiografar..
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på bioingeniørane og radiografane si rolle i helsetenesta, og kva etiske tema, utfordringar og problemstillingar som pregar desse profesjonane. Her står det kroppslege møtet og bruken av teknologi sentralt, men også problemstillingar rundt teieplikt, tvang og varsling blir grundig behandla. Profesjonsetiske retningslinjer og lover blir gjennomgått, og avslutningsvis blir forskingetikk behandla i eit eige kapittel.
Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Turid Aarhus Braseth er høgskulektor ved bioingeniørutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen, der ho har ansvar for etikkundervisninga på bachelornivå. Braseth sat i utvalet som vart nedsett i 1990 for starte opp etikkarbeidet i Norsk Bioingeniørforbund (NOBI). Ho har òg vore medlem av Yrkesetisk råd.
Anne Synnøve Røsvik er førsteamanuensis ved bioingeniørutdanninga ved NTNU Ålesund, der ho har ansvaret for etikkundervisinga. Røsvik har vore medlem i Yrkesetiske råd og vore med å utarbeide yrkesetiske retningslinjer og læremateriell i etikkfaget for bioingeniørar.
Milka Satinovic er førsteamanuensis ved radiografiutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen, der ho har ansvar for undervisning i etikk og helse- og sosialpolitikk. Ho har særleg forska på pasienterfaringar og har vore medredaktør og forfattar på fleire metodebøker i grounded theory.