Høsten 1994 reiste forfattaren rundt i Henning i Steinkjer kommune, for å leite etter historier, songar, eventyr eller forteljingar han kunne bruke som grunnlagsmatriale for hovudfagsoppgåva si i norsk. Fleire i bygda tipsa han om tradisjonsbæraren og historieforteljaren Ragnar Ryan. Ryan fortalte at han var synsk og kunne både sjå inn i framtida og oppleve fortida. Han avslørte også at han hadde sett fleire gjenferd. Denne boka er historie om historiene til Ragnar Ryan. Forfattaren har intervjua han gjennom fire år, og boka er eit utval av desse samtalane.