Nye vegar til nynorsk (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 176
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202402891
Læreplan: Kunnskapsløftet
Fag: Norsk
Nivå: Vg1, Vg2, Vg3
Komponent: Grammatikk
Omtale Nye vegar til nynorsk

Ny og revidert utgåve av Nye vegar til nynorsk! Boka er oppdatert etter den reviderte læreplanen frå 2013 og den nye rettskrivingsnorma for nynorsk. I den nye utgåva er det oppgåver knytte til mange nye tekstar, både sakprosa og skjønnlitteratur.

Nye vegar til nynorsk er eit læreverk for elevar som har nynorsk som sidemål. Læreverket legg opp til at elevane skal bruke nynorsk når dei arbeider med dei ulike emna i faget. På denne måten får dei regelmessig øving i nynorsk gjennom heile studieløpet og hjelp til å bli betre skrivarar.

Boka har ein fellesdel og delar for dei ulike årstrinna. I fellesdelen er det ein gjennomgang av formverket og språklege emne som elevar med nynorsk som sidemål særleg må merke seg. I delane for dei ulike årstrinna er det tekstar og oppgåver knytte til ulike kompetansemål i faget.

Drill og øv formverk og ordtilfang på nettstaden

Nye vegar til nynorsk har ein eigen nettstad med oppgåver til dei ulike kapitla i boka. Mange av oppgåvene vil drille elevane i formverket og ordtilfanget på nynorsk.

Til toppen