Norsk kunsthistorie (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252157925
Omtale Norsk kunsthistorie
Boka følgjer bilde og skulptur i Noreg frå førhistorisk tid og heilt fram til samtidskunsten i vår tid. I løpet av dette tidsrommet endrar bruken seg frå utsmykking i vikingtida og kultbilde i mellomalderen, til utstilte kunstverk i museum og samlingar i moderne tid. I boka blir kulturuttrykka plasserte i sin opphavlege kontekst, - før 1800 i kyrkjerom, rikmannsheimar og bondestover, og etter 1800 på galleri og museum. Skiljet mellom desse to periodane kom med det moderne kunstomgrepet, som blir grundig drøfta. Spørsmålet om kor "norsk" kunsten eigentleg er, går som ein raud tråd gjennom framstillinga. I den nye utgåva er kunsthistoria ført heilt fram til 2001, med nye kunstformer som lydkunstverk og landskapskunst. Sentralt i dei nyskrivne kapitla står også "den nye kunstscenen", ei heilt ny form for galleri, driven av kunstnarane sjølve med det formål å fremje den kunsten dei sjølve trudde på. Verksemda var inspirert av det relasjonelle kunstomgrepet, ein kunstnarisk praksis som tek i bruk heilskapen av menneskelege relasjonar. I desse nye galleria vart sosial samhandling og populærkunst dregen inn i den kunstnariske verksemda. Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar og det kunstinteresserte publikum.

Til toppen

Flere bøker av Gunnar Danbolt: