I den samanslåtte utgåva er både Norsk for yrkesfag 1 og Norsk for yrkesfag 2 gjengjeve med same innhald og sidetal som i originalversjonane. Det er difor lett for elevane å finne fram i denne utgåva. Fagstoffet er presentert på ein ryddig og strukturert måte. Her er det differensiering i både tekstar og oppgåver, eit rikt biletmateriale og ei stor samling varierte tekstar. Alle tekstane har oppgåver som elevane meistrar. Med den samanslåtte utgåva har elevane alt samla på ein stad.