Er barn mindre konvensjonelle i møte mellom ord og bilde enn dei vaksne? Her er boka som gjer terskelen lågare for dei vaksne i deira møte med bildebøker for barn!
Boka inneheld artiklar om bildebøker for barn frå 1980 og -90-talet - ein vital periode for denne kunstarten. Mange forfattarar og illustratørar har utforska bildeboka som kunstnarleg arena - ofte med godt resultat. Artiklane er skrevne av litteraturforskarar, formidlarar og kjende norske illustratørar. Dei vekslar mellom prinsipielle drøftingar av forholdet mellom tekst og bilde i bildebøker og nærlesingar av einskildverk. Møte mellom ord og bilde inneheld òg fleire titals fargeillustrasjoner frå dei omtalde verka.
Boka rettar seg til alle som er interesserte i bildebøker: førskule- og allmennlærarar, foreldrar, bibliotekarar, litteraturstudentar og -forskarar ved høgskole og universitet. Antologien er eit godt utgangspunkt til samtalar om billedlege uttrykk og illustrasjonens eigenart i studiar av estetiske fag så vel som litteraturvitskap og kunsthistorie.