Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist.
Han brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel, og den veldige spennvidda mellom korthogne, haikuliknande dikt og formfullenda sonettar har hatt sterk appell på tvers av generasjonane.
Enkel livsvisdom er nedfelt i korte, aforistiske dikt, intellektuell undring er blanda med konkrete sansingar både i tingdikt og vare landskapsskildringar.
Olav H. Hauge las dikta sine på ein intens og samtidig ledig måte.