Korleis forventa lykke kan endrast til noko ein faktisk opplever.
Kva mindfulness, yoga og coaching er.
Korleis desse metodane kan nyttast i praksis og fagleg utvikling.
Nyare forsking om nytten av metodane i praksis.
For terapeutar og helse- og sosialarbeidarar som føler behov for å styrke og utvikle seg personleg og profesjonelt, eller ser etter nyttige verktøy til bruk overfor klientar og brukarar for auka eigenmestring, er boka svært tenleg. Det er den også for studentar som ønsker betre stressmestring og studieteknikk, eller andre som vil oppleve betre sjølvkjensle og meir livsglede.