«Eg har googla så mykje i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet.»
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen pådrege seg to barn, gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Plutseleg går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og treningstights enn sjølve livet. Forfattaren har brukt eit år på å finne ut korleis andre har valt å leve liva sine. For korleis skal du som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie.
Livet og korleis leve det er ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å
senke skuldrene, litt.
Anne Gunn Halvorsen (født 1984) er journalist, kommentator og meldar. Ho er frilansar, og har tidlegare jobba i Dagbladet og Dagens Næringsliv.