Bjørn, ein middels god skodespelar midt i livet, står overfor den største oppgåva hittil i karrieren: Han skal spele hovudrolla som George i Kven er redd for Virginia Wolf?. Mens han førebur seg til det nokså triste og dramatiske livet til den store rollekarakteren, begynner hans eige liv å fortone seg stadig meir problematisk. Han viklar seg inn i ein vond spiral av frykt og mistru til både seg sjølv og familien. Kva er Bjørn redd for, og kven er han eigentleg? Kven er redd? er òg eit svært morosamt stykke med uforglømmelege scenar, mellom anna når Bjørn lèt alle hemningar fare og skjeller ut svigerforeldra over middagen, eller med tenåringsdottera som dusjar og dusjar.