Denne boka nyanserer forståinga av kriminaljournalistikken i norsk populærmedium. Kriminaljournalistikken er den mest utskjelte av dei journalistiske stoffkategoriane, og forfattaren gir her fleire tolkingar av denne situasjonen. Han seier det er to hovudfrontar: Dei som meiner at det meste er gale, og dei som meiner at kriminaljournalistikk er seriøs og viktig journalistikk. Denne boka tilbyr alternative forståingsformer til desse to hovudfrontane, og visar eksempelmateriale korleis kriminaljournalistikk kan vere både sensasjonssøkande og spekulativ og seriøs og viktig. Boka er aktuell for journalistikk- og mediestudentar og journalistar.