Kontakt Påbygging (Fleksibind)

Norsk for påbygging Vg3

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Fleksibind
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 496
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Kontakt påbygging
ISBN/EAN: 9788202473600
Læreplan: Kunnskapsløftet
Fag: Norsk
Nivå: Yrkesfag Vg3 påbygging
Komponent: Grunnbok
Omtale Kontakt Påbygging

Kontakt Påbygging er nyskrive for påbyggingskurset Vg3. Verket følgjer i spora til Kontakt Vg1–Vg2, men ein kan bruke det sjølv om elevane har brukt eit anna verk tidlegare.

Alt i éi bok
Teoristoff og tekstsamling er i same bok og det gjer lærestoffet lettare tilgjengeleg. Særeige for læreverket er at teoridelen har grundige omtalar og eksempel frå mange av tekstane som elevane finn i tekstsamlinga. Slik får elevane sjå korleis dei sjølve kan analysere og omtale liknande tekstar. Egne kapittel om retorikk og skriving av tekstar viser elevane korleis dei skal skrive tekstar med ulike formål.

Utvida tekstsamling på nett
Tekstsamlinga i boka dekker heile litteraturhistoria, men for å ha fleire tekstar å velje mellom, har vi ei eiga tekstsamling på nett som supplerer og utvidar tekstsamlinga i boka. Det er oppgåver til alle tekstane.

Vegen mot eksamen
Påbyggskurset har mykje stoff, og førebuingar til eksamen er ein viktig del av kurset. Vi har med tips og informasjon om eksamensoppgåver og kva som blir forventa av elevane ved skriftleg eksamen. Dette stoffet kan elevane bruke som oppslagsdel under eksamen.

Elevnettstad med støtte for lesing og skriving
Elevane finn der lydbokfiler til alle kapitla, interaktive oppgåver som dei kan bruke til å repetere og drille fagstoffet, og ressursar og oppgåver som er til god hjelp i arbeidet med lærestoffet.

Lærarnettstad med forslag til prøver og oppgåver
På lærarnettstaden er det forslag til undervisningsopplegg, forslag til tverrfaglege sjangeroppgåver, forslag til eksamensretta oppgåver og powerpointar som ein kan redigere.

Til toppen

Andre utgaver

Kontakt Påbygging
Bokmål Fleksibind 2015

Flere bøker av Eva Frisk: