David.kan ikkje minnast kven han er. Ein annonse i avisa oppmodar nære og kjende til å skrive brev til ham, slik at han kan byrje å hugse. Til saman dannar breva eit flettverk av tekstar der biografien til David, avsendarane, og andre menneske, blir omskrevne og sette på spill. Breva.vert forfatta i 2006, men krinsar om fortida. Slik kjem falske von til synes . ungdomsdraumar, kunstnarambisjonar og planar for framtida. Det handlar om korleis det gjekk med ein generasjon nordmenn,.om kjønnsroller og statusjakt, identitet og spørsmålet: Kva er eit liv, korleis skipast ei livssoge under påverknad av andre si historie? Dette er den tredje boka.til Carl Frode Tiller og kan hende hans fremste. Som alltid er forfattaren ikkje minst god på små flater . det såre mellommenneskelege spelet, samtalen som blir til krangel, det dårlege samvitet som kjem når ein vil godt, men ikkje gjer det.