Historia de Espana y de Hispanoamérica, som er ei innføring i Spanias og det spansktalande Amerikas historie, er i første rekkje mynta på spanskstudentar og spanskkunnige historiestudentar på universitets- og høgskolenivå. Boka går tilbake til det 15. hundreåret, men konsentrerer seg om utviklinga i dei to siste hundreåra. Siktemålet med boka er å gi historisk bakgrunnsinformasjon til den spanskspråklege delen av verda, slik at ein skal kunna setja hendingar i våre dagar inn i ei større ramme. Utvalet ev emne er gjort med dette for auge. Boka vil såleis òg vera av interesse for alle dei som av politiske, økonomiske, kulturelle eller andre årsaker, vil setja seg inn i tilhøve i denne delen av verda. Johannes Nymark er førsteamanuensis i spansk ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Han har magistergraden i lingvistikk frå Universitetet i Oslo (1977) og var i perioden 1978-1992 tilsett ved Romansk og Klassisk institutt ved Universitetet i Oslo, mesteparten av tida som amanuensis i spansk. Nymark har lang erfaring som førelesar og skribent med Spania og Latinamerika som spesialområde.