GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Arbeidsboka GRIP 3 Samfunnskunnskap inneheld oppgåver til grunnboka. Eksempel på emne er: samfunn, styresett, demokrati, diktatur, kultur, fordommar, integrering, forbrukarsamfunnet, kjærleik, seksualitet og samliv, rusmiddel, kriminalitet og straff, FN, norsk økonomi og globalisering.