Grip er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. Grip fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grip 2 Samfunnsfag og naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i dei to faga og dekkjer kompetansemåla etter 7. trinn i læreplanane. Boka er tydeleg delt i to og er enkel å orientere seg i. Døme på emne i samfunnsfag: Ressursar i Noreg og Europa, klima og miljø, lover og reglar i verdssamfunnet, demokrati og styresett, velferdssamfunnet, antikken, mellomalderen, opplysningstida. Døme på emne i naturfag: Organsystem i kroppen, god helse, rusmiddel, organismar i naturen, kjemiske reaksjonar, bergartar, energi, elektrisitet og magnetisme. Grip 2 Samfunnsfag og naturfag, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boka opnar det seg nye moglegheiter og er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. I den berika utgåva finn du: - Lyd - Filmkarusell - Interaktive oppgåver, 12 språk Grip 2 Samfunnsfag og naturfag, d-bok har også følgjande funksjonalitet: - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notatar - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar