Grip 1 (Heftet)

Samfunnsfag : Arbeidsbok

Forfatter:

og

Håvard Legreid (Illustratør)

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2024
Antall sider: 287
Illustratør: Legreid, Håvard
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Grip 1
ISBN/EAN: 9788211046116
Omtale Grip 1
GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok dekker modul 1 i Forsøkslæreplan i samfunnsfag for forberedende voksenopplæring. Verket presenterer fagstoffet på ein enkel måte, og språket er tilpassa vaksne med lite skulebakgrunn. GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok er ein revisjon og kjem med splitter nytt innhald fordelt på åtte emne: 1) Verda 2) Noreg og Norden 3) Samfunn 4) Familiar 5) Menneskerettar 6) Demokrati og deltaking 7) Utdanning 8) Arbeid. I tillegg til at kvart emne følger strukturen i grunnboka, med ein hovuddel og ein fordjupingsdel, er det også ein fast oppgåvestruktur i tre delar: 1) Førlesing 2) Fokus 3) Oppsummering. Førlesingsoppgåvene gjer arbeidsboka til ein naturlig stad å begynne når ein tar fatt på eit nytt emne med deltakarane. Her aktiverer dei forkunnskapar, skaffar seg ei oversikt over heile emnet og trenar viktig vokabular. Fokusoppgåvene gir rom for arbeid med tekstane i grunnboka på ein måte som tar høgd for avgrensa tid, og føreset heller ikkje at alle deltakarane må lese kvar einaste tekst. I fokusoppgåvene trenar deltakarane mellom anna grammatikk, konsolidering av ordforråd, skriving og munnleg. Oppsummeringsoppgåvene sluttar sirkel i kvart emne ved at deltakarane mellom anna får utforske eigen progresjon i emnet. Dette kjenneteikner GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok Kvart emne inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel Fast oppgåvestruktur i kvart emne med tre delar: 1) Førlesingsoppgåver 2) Fokusoppgåver 3) Oppsummeringsoppgåver Strukturen hjelper læraren å tilpasse og differensiere undervisninga Oppgåvene kombinerer fag med språkopplæring

Til toppen

Andre utgaver

Grip 1
Bokmål Heftet 2024

Flere bøker av Ingrid Værum Larsen og Mari Høivik: