Denne læreboka gir ei solid innføring i dei grunnleggjande prinsippa for grafisk design. Boka er rikt illustrert med ordforklaringar og varierte oppgåver. Vi blir kjende med kommunikasjons- og designprosessen frå idé til ferdig medieprodukt, før vi går vidare til å lære om brukaroppleving, prototypar, komposisjon av visuelle element, materialar, visuell identitet, branding og evaluering. Design for digitale flater og interaksjonsdesign står sentralt, og eigne kapittel tek for seg skrift og fargelære. Grafisk design har ein nyttig nettressurs med mellom anna prosjektoppgåver og filmar til bruk i undervisninga. Læreverket dekkjer læreplanen for programfaget grafisk design i den vidaregåande skolen.