Reinhardt Jåstad Røyset og Kjell Helge Kleppestø har fornya innhaldet i tråd med fagfornyinga og ny læreplan i utdanningsval. Boka inneheld heilt nye øvingar og oppgåver, med karrierelæring og livsmeistring som gjennomgåande tema. Arbeidsboka følgjer elevane gjennom heile ungdomstrinnet, og dei jobbar med øvingar og oppgåver som lèt dei utforske interesser, styrkar og eigenskapar, og som gjev dei hjelp til å sjå framover. Målet er at elevane skal ha kome langt i å utvikle karrierekompetanse når dei har arbeidd med boka gjennom tre år.