Denne lydboka er eit underhaldande, livfullt og personleg møte med Herborg Kråkevik, som både fortel og syng. Vi møter ein sprelsk og humoristisk artist og skodespelar. Herborg Kråkevik har alltid vore glad i den gode forteljinga. Med glimt i auget og ein god porsjon forteljarglede inviterer ho lyttaren med på ei rundreise i livet.
Her møter vi jenta frå Vestlandet som tidleg drøymde om å stå på scena, artisten som har opplevd det nådelause møtet med publikum som ikkje ler når dei skal, bokhandlaren i Jondal og mange andre fargerike personar. Her er romantiske, humoristiske og alvorlege forteljingar i ein spennande bukett.