Fjell bygdebok (Innbundet)

Bd. VI

Serie: Fjell bygdebok 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 717
Forlag: Bodoni
Språk: Nynorsk
Serie: Fjell bygdebok
ISBN/EAN: 9788271289393
Omtale Fjell bygdebok
Mellom havet og byen, det sjette bandet i serien Fjell bygdebok, handlar om samfunnsutviklinga i Fjell gjennom 200 år, frå 1700 til 1910. Dei rike ressursane i havet og den nære bymarknaden gav livsgrunnlag for eit folk som voks frå om lag 900 i 1700 til det firedoble i 1910. Vi følger fjellsokningane gjennom dramatiske krigsår og tider med epidemiar, men også i kvardagen på gardsbruka, på havet og i byen.
Trass i hyppig og nær kontakt med bergensarane, vart innbyggarane på øyane i vest vurderte lågt av byfolk og embetsmenn. På 1800-talet vart den stereotypiske havstrilen meisla ut av Welhaven og andre forfattarar. Store endringar skjedde i perioden. Helse- og butilhøva vart betre, skulevesenet innført og demokratiske organ voks fram. Fram mot 1900 auka endringstakten, med utskiftingar på gardane, modernisering av sjø.bruket, etablering av dampskipsruter og handelsstader og utvandring til Amerika.

Samfunnsutviklinga i Fjell var eit resultat av nasjonale og internasjonale straumdrag, men fekk også særeigne trekk. Gjennom ei rekke historier får lesaren kjennskap til korleis folk i Fjell levde og på kva måte dei møtte endringane som skjedde.

Til toppen

Bøker i serien