Media er i dag ein felles arbeidsmarknad der journalistar kryssar tidlegare ideologiske skiljeliner og vandrar mellom ulike media.
Vær Varsam-plakaten er pressefolks felles verdidokument, men kan journalistar i dagens medielandskap arbeide ut frå felles verdiar?
Audgunn Oltedals utgangspunkt er at det framleis gjev meining - uavhengig av den einskilde journalists politiske eller religiøse ståstad - å spørje etter kva felles verdiar journalistar kan kjenne seg forplikta på.
Oltedal meiner at journalistikkens grunnleggjande samfunnsoppdrag er å ta vare på menneskeverdet, og at dette kravet til journalistikken omfattar både journalistikkens arbeidsmåte og journalistikkens innhald.
I staden for å forstå "samfunnsnytten" som grunnstrøket i journalistikkens sjølvbilete, så bør kamp for menneskeverdet vere grunnstrøket i journalistens sjølvforståing.
Oltedal knyter forståinga av vesentlegkravet til pressas demokratioppdrag og rolle som fjerde statsmakt, og seier det i pressas mandat ligg ein asymmetri som er slik at pressa ikkje har like stor plikt på seg til å vise fram det gode som å peike på det kritikkverdige. Men demokratioppdraget inkluderer og eit kulturoppdrag som famnar vidare enn til vaktbikkjerolla.
"Objektivitetsidealet" er ikkje i bruk i sentrale pressedokument, medan saklegidealet står høgt i kurs.
- Men er det nissen som flyttar med på lasset, spør Oltedal, for "også i saklegkravet ligg det eit ideal om at journalisten gjennom si framstilling og dokumentasjon skal kunne seie: "Dette er sant, slik heng det i hop, dette er det saka dreier seg om".