Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur tebonden Pasi. Hans blikk er retta mot dei nære tinga, mot grønsaker og teplanter. Hans mål er å få dei til å vekse, trivast - og smake godt.
Gjennom å skildre alt fra dei høgste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho let kvardagen til menneska i Sikkim spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære forhold er ein del av dette dagleglivet.