Bokbussen ORANSJE består av 20 nivådelte bøker og er utarbeidd for dei yngste lesarane. Bøkene skal bidra til leselyst og tilpassa leseopplæring og kan brukast uavhengig av andre leseverk. Veleigna til individuell lesing og stasjonsarbeid. Bokbussen ORANSJE skal gi elevane den stolte opplevinga av å lese bøker sjølv. Litterære og pedagogiske kvalitetar er vektlagde. Her finst morosame, engasjerande og spennande bøker med illustrasjonar som stør opp under tekstane. Bøkene er delte inn i to nivå etter vanskelegheitsgrad og tekstmengd. Bokbussen ORANSJE finst på bokmål og nynorsk. Bokbussen ORANSJE gir leseopplæring og leseglede!