Alfabeta er eit norskverk for 1.-2. trinn. Alfabeta skal hjelpe eleven i gang med lese- og skriveprosessen og vere ei støtte for læraren, utan å styre. Verket legg til rette for systematisk arbeid med språkleg utforsking og grunnleggjande omgrep og gir mange idear til differensiering. Alfabeta 1. Ressursbok gir læraren eit rikt utval av aktivitetsframlegg i lese- og skriveopplæringa og gir idear til korleis elevbøkene kan brukast. Her er mange framlegg til variasjon og differensiering. Ei stor mengd kopioriginalar følgjer sjølvsagt med!