A New Scoop er eit læreverk i engelsk for 5.-7. trinn. Grunnbøkene i A New Scoop er temabaserte med tekstar som legg til rette for tilpassa undervisning både når det gjeld læringsmetodar og nivå. A New Scoop 5 gir elevane ein mjuk overgang frå småskulen til mellomtrinnet. A New Scoop 5 Teacher's Guide er ein oversiktleg og brukarvennleg ressursperm med mange gode og varierte pedagogiske idear og forslag til tilpassa opplæring, differensiering, leikar, spel og kommunikative aktivitetar. Her er også grundig bakgrunnsinformasjon til kvart tema.