A New Scoop er eit læreverk i engelsk for 5.-7. trinn. Grunnbøkene i A New Scoop er temabaserte med tekstar som legg til rette for tilpassa undervisning både når det gjeld læringsmetodar og nivå. A New Scoop 5 Basic Workbook er ei utgåve av Workbook for elevar som treng enklare opplegg og seinare progresjon. A New Scoop 5 Basic Workbook har tilpassa oppgåver og eit utval «easy versions» av dei vanskelegaste tekstane frå A New Scoop 5 Textbook. Alle elevar skal arbeide med den same tekstboka og kan såleis vere saman i ei større gruppe, men dei som treng tilpassa oppgåver og forenkla tekstar, kan bruke A New Scoop 5 Basic Workbook i staden for den ordinære A New Scoop 5 Workbook. A New Scoop 5 Basic Workbook er ei eingongsbok i A4-storleik med tydelege døme og god plass til å skrive.